Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 398,-   Sjå vilkår

Vegar gjennom fjell

Historia om sju norske tunnelar





Redaktør/forfattar: Nestegard, Dag H.

ISBN: 9788282401586

Utgitt: 2019

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Innbunden

Sidetal: 144

Mål/vekt: 15 x 22,5 cm / 510 g

Facebook Twitter


Historia om norske tunnelar er ei forteljing om modernisering av landet fram mot vår tid. I denne boka ser vi nærare på sju tunnelar som har forandra kvardagen til folk.

Den første er Gravhalsen på Bergensbana, som var ein ingeniørteknisk sensasjon i samtida. Den andre, Spiralen i Drammen, svingar omkring sin eigen akse sju vender oppover i fjellet. Vardøtunnelen i Finnmark er landets første undersjøiske. Fløyfjellstunnelen i Bergen er med fordi dette var første gong ein brukte tunnelboremaskin for veg, og ikkje dynamitt. Så er det Ofredalstunnelen i Sogn som blei verdas brattaste etter ein planleggingstabbe. Og Romeriksporten, ein samanhengande skandale frå start til slutt, men som likevel er blitt ein suksess for flytoget i vår tid. Den siste på lista er Lærdalstunnelen som blei verdas lengste biltunnel etter ein hestehandel i Stortinget.






Kr 328,00

Legg i handlekorg