Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 398,-   Sjå vilkår

Gloppen og glopparane

- frå oldefars tid til våre dagar





Redaktør/forfattar: Andenæs, Ivar

ISBN: 9788282401593

Utgitt: 2019

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Innbunden

Sidetal: 232

Mål/vekt: 21 x 26 cm / 1030 g

Facebook Twitter


Gloppen er ei vakker bygd, og glopparane er kjekke folk. Det meiner Ivar Andenæs, som i denne boka, gjev ei brei skildring av Gloppen-samfunnet gjennom dei siste vel 150 åra. Han fortel om kvardag og fest, skulegang, idrett, lokalpolitikk, samferdsle og turisme, kyrkje og misjon, kunst og kultur, målstrev og fråhaldsarbeid. Firda gymnas er vigd eit eige kapittel, der forfattaren fortel levande om si eiga gymnastid på 60-talet.

Ivar Andenæs ættar frå Jensbruket på Andenes. Farfaren, Mads O. Andenæs, braut opp frå bondesamfunnet og vart prest for glopparar og breimningar i Sør-Dakota, og faren, Olaf M. Andenæs, eldstemann av åtte brør, arbeidde på 30-talet som privatpraktiserande lege på Sandane, seinare som distriktslege i Stryn.

Gloppen og glopparane er fargerik og personleg forteljing om eit bygdesamfunn gjennom skiftande tider. Boka er rikt illustrert med gamle foto.






Kr 398,00

Legg i handlekorg