Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 398,-   Sjå vilkår

Der havbåra bryt

Fiskerisoge for Bremanger





Redaktør/forfattar: Torvanger, Magnus Helge

ISBN: 9788282401418

Utgitt: 2018

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Innbunden

Sidetal: 272

Mål/vekt: 22 x 28 cm

Facebook Twitter


Bremanger har vore ein av dei største fiskerikommunane i Noreg. Tidleg på 1900-talet gav torskefisket i Bremanger levebrød for mange, fram til torsken brått forsvann. Under krigen rømde over 100 unge fiskarar frå Bremanger over til Storbritannia, der dei gjorde ein stor innsats i den norske handelsflåten, i marinen og i shetlandsgjengen. Sildetida etter krigen var ei stordomstid for Bremanger, særleg når det gjaldt drivgarnsfiske og sildesalting. Fiskarar frå Bremanger har vore føregangsmenn i det moderne autolinefisket. Bremanger Fiskarlag og Bremanger Fiskarkvinnelag var mellom dei største i landet.

Boka fortel historia om fiskerinæringa på sjø og land i bygdene som utgjer dagens Bremanger kommune - frå dei første fiskebåtane fekk motor og fram til i dag. Det er ei historie om oppgangstider, nedgangstider og omstillingar som mange norske fiskerisamfunn har til felles. Fleire hundre fiskebåtar er omtala og er med i eit register til slutt i boka. Boka er rikt illustrert med gamle og nye foto. Boka kjem ut til hundreårsjubiléet til Bremanger Fiskarlag, som var skipa i 1918.





Kr 498,00

Denne boka er utseld