Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 398,-   Sjå vilkår

Meister Geble

Ein biografiroman





Redaktør/forfattar: Mehammer, Brynhild

ISBN: 9788282401425

Utgitt: 2018

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Innbunden

Sidetal: 112

Mål/vekt: 13 x 20,5

Facebook Twitter


Geble Pederssøn er liten og tynn og vert plaga av jamaldringane. Men ingen har eit så lyst hovud som han. Foreldra sender han på skule, og ønskjer at han skal bli prest. Lærarane har også tru på guten, som får dra til universitet i utlandet og ta si tids beste utdanning i teologi. Der møter han også Beata, ei kvinne som gjer djupt inntrykk på unge Geble. Han er likevel fast bestemt å leve eit liv i forsaking og tru.

Geble Pederssøn (ca 1490-1557) var den siste katolske og den første protestantiske biskopen i Bergen stift. I denne boka møter vi han gjennom både fiksjon og fakta. Han vart fødd på Dønna i Nordland, gjekk på katedralskulen i Bergen og på universitet i det som no er Tyskland, Nederland og Belgia. Han vart katolsk biskop i Bergen i 1536, men alt året etter kom reformasjonen og gjorde slutt på katolisismen i Noreg. Geble vart då superintendent, som var tittelen på dei nye protestantiske biskopane.






Kr 249,00

Denne boka er utseld