Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 398,-   Sjå vilkår

Sunnfjords diamant

Sunnfjord Hotell 1968-2018





Redaktør/forfattar: Rivedal, Henning

ISBN: 9788282401340

Utgitt: 2018

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Stivbind

Sidetal: 120

Mål/vekt: 24x26 cm/ 750 g

Facebook Twitter


Dette er historia om hotellet som har vorte kalla «Sunnfjords diamant». Kven som fann på det, finn du fort ut om du blar litt i boka. Då vil du vonleg også møte deg sjølv, eller noko du kan nikke attkjennande til, i mange dører og rom.

Svært mange, særleg av oss som bur eller har budd i dette området har ei historie saman med hotellet. Der har vi vore på seminar og konferansar. Vi har opplevd konsertar, festivalar og ikkje minst møtt vener, festa og dansa - ja endåtil kanskje funne den store kjærleiken. I det heile ligg det kanskje att litt av oss sjølve i veggene der.

Sunnfjord Hotell har vore eit slags barometer og temperaturmålar på framvoksteren av Førde. Ikkje åleine sjølvsagt, men mange av premissane for motet, viljen til å skape, saman med ei aukande sjølvkjensle ligg og vaker i denne historia.

Målet er at du vil kjenne att noko av det som er nemnt ovanfor. At du vil kjenne at dette hotellet er du glad i, fordi det har ei sjel som er forma av alle oss som har vore gjester der saman med dei som har drive og styrt hotellet.

Difor er dette ei hyllingsbok til ein 50-åring som vi er glade i.




Kr 295,00

Legg i handlekorg