Årboka for Sogn og Fjordane 2017 er ei fyldig oppsummering av det lokalavisene har fortalt oss om livet i Sogn og Fjordane i året som har gått. I den 25. og siste utgåva av Årboka får du presentert store og små nyhende, og du vert betre kjend med det som lever og rører seg i grendene, bygdene og byane i fylket. Mellom dei to permane vil du møte alvor og sorg, humor og glede.
Som vanleg opnar vi kavalkaden med å presentere årets nyttårsbarn i fylket. Du får møte dronning Sonja som opnar Loen Skylift, den nye store turistmagneten i Nordfjord. Du får vere med på opninga av eitt av verdas største datalagringssenter som held til i ei nedlagd gruve. Du vert òg oppdatert på utviklinga innanfor region- og kommunereforma.
Årboka har vore innom mange av dei fargerike festivalane som har vakse fram i fylket, og vi har sett nærare på den spennande operaen som vart vist på Nordfjordeid dette året. TV-sende musikkprogram som «Stjernekamp», «The Voice» og «MGPjr» har vore prega av artistar frå, eller med tilknyting til, Sogn og Fjordane. Møt dei i Årboka.
Sterke menneske med imponerande prestasjonar får brei merksemd i boka. Her møter du dei som kjempar om edelt metall fjernt og nært, og dei som trass i ulike utfordringar viser stort pågangsmot og imponerande styrke i kvardagen.
Faktadelen inneheld som vanleg spennande talmateriale om folkesetnad, politikk, kultur og sport. Boka inneheld over 500 bilete og har eit namneregister med nær 1000 namn.