Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 398,-   Sjå vilkår

Havet tok

113 forlis og skipsulukker i Sogn og Fjordane





Redaktør/forfattar: Torvanger, Magnus Helge

ISBN: 9788282401258

Utgitt: 2017

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Stivbind

Sidetal: 344

Mål/vekt: 22 x 28 cm / 1625 g

Facebook Twitter



Verkelege hendingar er dei mest dramatiske. Framfor alt gjeld det hendingar på sjøen. Få andre stader er avstanden mellom liv og død så kort og så knapp. Det har tallause roande og seglande opplevd fram gjennom tidene. Men ulukker og forlis skjedde også etter at dampskipa og motorbåtane kom, og det skjer framleis.

Boka inneheld 86 historier om i alt 113 forlis og skipsulukker - i eller med tilknyting til Sogn og Fjordane. Det er hendingar frå rundt 1800 og fram til 2008. Båtane kjem frå heile norskekysten og frå fleire andre land. Her er dramatiske historier om djupe tragediar, og historier om heltar og store bergingsbragder. Over 500 menneske har mista livet i desse forlisa, men mange fleire er berga. Boka er rikt illustrert med gamle og nye foto.

Denne boka er ei ny og sterkt utvida utgåve av Havet tok - 78 forlis og skipsulukker frå 2003.

Medforfattarar: Kjell-Ragnar Berge, Odd H. Brugrand, Aslaug Byrknes, Håvar Fagerli, Jan Petter Hoddevik, Magni Lothe, Rolf Orheim, Johan Ottesen, Gunnar Silden, Hans H. Steinsund, Kristen Sunde, Sverre Søgnen, Rune Timberlid, Malvin Toft og Ottar J. Aare.





Kr 498,00

Legg i handlekorg