Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 398,-   Sjå vilkår

Holvikejekta

Sjøens stavkyrkje





Redaktør/forfattar: Eide, Ove

ISBN: 9788282401166

Utgitt: 2017

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Mjukbind med klaff

Sidetal: 48

Mål/vekt: 17x27 cm / 160 g

Serie: Selja reise & kultur

Facebook Twitter


Holvikejekta, bygt på Sandane i 1881, er eit av dei viktigaste maritime kulturminna i Noreg. Ho er den einaste store, opne, klinkebygde jekta som er bevart, og kan føre tradisjonane sine tilbake til mellomalderen. Ei «sjøens stavkyrkje» har ho vorte kalla, og fagfolk har rangert ho på linje med vikingskipa som sentralt norsk kulturminne.
I boka blir det fortalt om særtrekk ved og bygging av jekta, om båtbyggjartradisjonar i Gloppen, om byferder og opplevingar langs leia til Bergen, der hundrevis av jekter kunne vere samla på Vågen på ein gong. Du kan lese om jekter i Nordfjord, om tru og overtru knytte til jektfarten og om den store høgtida det var når jekta kom heim med varer frå Bergen.
Holvikejekta vart sett på land i 1906 og vart den første gjenstanden i Nordfjord Folkemuseum sine samlingar. Ho står framleis i den opphavelege jektevaulen ikkje langt frå Sandane sentrum.
HOLVIKEJEKTA - SJØENS STAVKYRKJE er rikt illustrert med teikningar, gamle og nye fotografi.

Heftet er utgjeve i samarbeid med Musea i Sogn og Fjordane avd. Nordfjord Folkemuseum.




Kr 149,00

Denne boka er utseld