Ytst mot det opne havet i fjord- og havkommunen Bremanger, ligg den fjellendte og knudrete, men på same tid grøne og frodige øya Frøya. Vestsida er vêrhard, men på sørsida - land som eingong var dekt av havet - møter vi flatt og frodig jordbruksland. Og her, på Frøyalandet, ein dryg kilometer aust for det gamle fiskeværet Kalvåg, vart det bygd ny kyrkje i 1865.
Kalvåg var på den tid eit veksande sentrum der fiskarar frå fjern og nær årvisst samla seg. Gamlekyrkja låg på Grotle, lenger nord, og det var ein hard strid om flytting av kyrkjestad. Målaren Anders Askevold var arkitekt for kyrkja, og måla altertavla. Få år seinare vart den endå meir kjende målaren Nikolai Astrup fødd i prestegarden på Frøya, der far hans var prest. Boka fortel både om kyrkja, prestegarden, prestane, og om bruken av kyrkja i kvardag og fest. Her er også fyldig informasjon om bedehuset, barne- og ungdomsarbeidet, losjane og musikklivet knytt til Frøya kyrkje.
Denne boka er ikkje lenger i sal i nettbutikken vår, men kan bestillast via akademika.no.