Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 398,-   Sjå vilkår

Minne frå ein oppvekst

35 historier frå Roald på Vigra





Redaktør/forfattar: Molnes, Per Bjarne

ISBN: 9788282400916

Utgitt: 2015

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Stivbind

Sidetal: 88

Mål/vekt: 14x21 cm / 312 g

Facebook Twitter


Den første smaken av sjokolade, heimelaga skistavar, utedoen og falske bølgjer i håret.
Per Bjarne Molnes har mange og gode minne frå oppveksten på Vigra på 1940- og 50-talet.
Dette er ei minnebok med 35 små historier frå det vesle kystsamfunnet Roald, om naturen og menneska der. Molnes fortel historiene slik han hugsar dei, med humor, varme og ein god dose nostalgi.
Roald var prega av eit sterkt fiskerimiljø, og Molnes heidrar Stabberkarane og dei andre fiskarane som trassa farane på sjøen for å livnære familiane sine. Det kunne vere tøft på mange vis, Molnes har sjølv ti år bak seg som fiskar, og hugsar godt tårene som trilla som førstereisgut på Lofothavet.
Boka er ei samling tidsminne som inviterer til mimring hos dei eldre og gir yngre generasjonar ein titt inn i fortida - i tekst og bilete. 






Kr 200,00

Legg i handlekorg