Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 398,-   Sjå vilkår

Folk før III

Trettifem historier frå Nordfjord





Redaktør/forfattar: Askeland, Kjell

ISBN: 9788282400947

Utgitt: 2015

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Stivbind

Sidetal: 240

Mål/vekt: 23 x 26 cm / 1150 g

Facebook Twitter


Krigen sette djupe spor i alle som opplevde han. Den var eit avgjerande skilje, ikkje berre i livet til den enkelte, men også i norsk historie. 70 år etter freden kom, lever enno nokon som hugsar. I denne boka fortel 35 nordfjordingar om viljen å kjempe mot tysk overmakt, både gjennom krigs- og sabotasjehandlingar, og i kvardagslivet. Her er folk som deltok i kampane i Valdres i april 1940, som opplevde Måløyraidet 3. juledag 1941, som var grannar til tyske fort og landminefelt. Personar som var kurerer for heimestyrkane, med på våpentransport, og andre som ville hjelpe tyskarane heimatt. Dei var ofte på vakt mot landsmenn som stilte seg på fienden si side. Med mot og fantasi utførte dei risikoprosjekt med dramatiske konsekvensar. Tekstane er ærlege, fastnagla minne. Det har kosta å fortelje om det dei aldri ynskte å oppleve.

Dei 35 forteljarane i boka er fødde i åra 1910-48, frå kommunane Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Gloppen, Stryn og Hornindal, tjue menn, femten kvinner. Forfattaren lyttar og spør, både om krigstida og åra etterpå. Svara er ny informasjon for dei fleste. Alle har historier å fortelje, historier som det er verd å ta vare på.






Kr 448,00

Legg i handlekorg