Her handlar det om sjukehusstrid og byjubileum, kvardagsliv og fest, fotballopera og fotballopprykk. Du møter heltar som Tarjei Bø og Per Christian Brunsvik, og mange andre kjende og ukjende.
Boka har også ein fyldig statistikkdel med alle slags fakta om geografi, næringsliv, kultur, sport og mange andre område. Heilt til slutt finn du eit register med kring 1000 namn på personar som vert omtala på dei 256 sidene.