Draum og tullskap
Festskrift til Rasmus Løland 150 år
Redaktør/forfattar:
Håvard Kleppa (red)
ISBN: 9788282400350
Utgitt: 2011
Målform/språk: Nynorsk
Innbinding: Stivbind
Sidetal: 116
Mål/vekt: 21x24 cm / 723 g
I 2011 var det 150 år sidan forfattaren Rasmus Løland blei fødd. Løland var ein pioner i barnelitteraturen. Han skreiv direkte og levande til ungane, historier som skil seg frå eventyr og bibelhistorier.
Denne boka handlar om å bli lesen for, ho handlar om kvifor Løland var ein pioner og ho handlar om arven etter han i den nynorske barnelitteraturen.
Her fortel mellom andre Herborg Kråkevik om kva ho les for dottera si, her fortel Ingelin Røssland om korleis det er å vera forfattar og besøka skuleklassar, og her fortel Arnt Birkedal om kva posisjon Løland har og har hatt i litteraturen.
Denne boka er for deg som har blitt lesen for og for deg som likar å lesa for barn.
Ordinær: Kr 248,00
Kr 98,00
Legg i handlekorg