Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 398,-   Sjå vilkår

Skulen på Mo 1858-2008




Redaktør/forfattar: Førsund, Finn Borgen

ISBN: 9788291722924

Utgitt: 2008

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Stivbind

Sidetal: 168

Mål/vekt: 22x28 cm / 946 g

Facebook Twitter


Denne boka fortel historia om ein av landets eldste jordbruksskular. Mo jordbruksskule er den eldste institusjonen innanfor den fylkeskommunale verksemda i Sogn og Fjordane, der Fylkesbaatane er den nest eldste, begge to i drift frå hausten 1858.

Boka syner utviklinga frå den aller første tida, då elevane sin innsats var prega av jordbruksarbeid, der dei streva som drengar, fram til den moderne vidaregåande skulen vi finn på Mo 150 år etter. I dag heiter utdanninga Utdanningsprogram for Naturbruk. I boka kan vi lese om utbygginga av skulegarden Mo, der vi m.a. følgjer tett på utviklinga av mjølkeproduksjonen fram til vår tid.

Den allmenne samfunnshistoria ligg som eit bakteppe til denne lokale skulehistoria og gardshistoria, som såleis vert presentert i eit samfunnshistorisk perspektiv.

Boka er rikt illustrert, mellom anna med mange elevbilete. Den inneheld ei komplett elevliste frå 1858 til 2008.




Kr 375,00

Denne boka er utseld