Langt borte, men likevel nær
Utvandringa frå Stryn 1850-1960

Redaktør/forfattar:
Sunde, Rasmus
ISBN: 9788291722436
Utgitt: 2004
Målform/språk: Nynorsk (english summary)
Innbinding: Stivbind
Sidetal: 239
Mål/vekt: 22x28 cm / 1185 g
Våren 1912 sit 67 år gamle Isak Rasmusson Sølvberg i Wisconsin og skriv livssoga si. Han fortel detaljert om barndom og ungdom i Stryn, utvandringa til USA i 1870 og det strevsame, men rike livet som settlar i Crawford county, Wisconsin. Historia om Isak er spennande og gripande, og den forvitnelege livssoga hans kan godt vere lagnaden til tusenvis av andre emigrantar, både frå Stryn og andre stader.
Isak var ein av heile 2606 stryningar som utvandra gjennom vel 100 år. Dette tilsvarar meir enn halvdelen av folketalet i Stryn i år 1900. Denne boka inneheld namn og detaljopplysningar om alle utvandrarane frå Stryn. Dessutan får vi ei skildring av Stryn på 1800-talet, ein analyse av kven utvandrarane var, og ei drøfting av kvifor dei reiste til USA. Vi får høyre om den strabasiøse reisa over havet, og om korleis livet arta seg i det nye landet.
For Isak var det eit dramatisk val å utvandre. Og for Stryn, som for dei fleste bygder, er det knapt noko historisk fenomen som har hatt så mykje å seie som folkevandringa over havet. Det er mest ikkje ein gard eller plass der det ikkje har utvandra folk i frå. Og dei fleste stryningar har slekt “over there”.
Boka er rikt illustrert med kring 170 gamle og nye foto, grafiske illustrasjonar og nyteikna kart.
Kr 368,00
Denne boka er utseld