Selja Forlag runder 20 år

Det starta med eit ynskje om å skrive bok om Selja kloster og så balla det på seg. Ved 20-årsjubileet i juni 2016 har Selja Forlag gitt ut 205 titlar og selt over 400 000 bøker.
- Forlagsbransjen er veldig Oslo-dominert, så eg gjekk motstraums då eg prøvde å etablere eit forlag i Førde. Det var ikkje mange som hadde tru på det den gongen, difor er det ekstra kjekt at det har vist seg å vere liv laga, seier forleggjar Torkjell Djupedal.
I starten var det heimekontor. I dag har forlaget tre tilsette og held til i Fjellvegen i Førde. Der har forlaget kontor og lager og tek sjølv hand om sal, marknadsføring og distribusjon.
- Vi held alt lokalt, og det har vore viktig. Det er ein fordel å kjenne folk og landskapet ein jobbar i. Det har vorte ein livsstil, eg kjenner meg heldig som kan få jobbe med det eg likar best. Og så kjennest det godt å ha skapt nokre arbeidsplassar, seier Djupedal som har sal- og marknadsansvarleg Anne Britt Fedøy og forlagsredaktør Liv Grimsbø med på laget.
Han jobba som NRK-journalist då han fekk ideen om å skrive bok i samband med 1000-årsjubileet for helgenstaden på Selja i 1996. Då han ikkje fekk napp hos forlaga han kontakta, bestemte han seg for å gje ut boka sjølv. "Selja - kulturhistorisk vegvisar" kom ut 7. juni 1996.
Og sidan har det balla på seg. I snitt gir forlaget ut 12-15 nye bøker kvart år.
- Vi har jobba prosjekt for prosjekt. At det skulle bli over 200 bøker er ganske utruleg å tenkje på. Det har vore ei fabelaktig reise. Mykje arbeid og mykje kjekke folk, seier Djupedal. Han skreiv dei tre første bøkene sjølv, men sidan har det vore andre forfattarar på boklistene.
Alle bøkene utanom ei bok har noko med Vestlandet å gjere. For Selja Forlag er ei vestlandsforlag. Då var ikkje namnet noko tilfeldig val.
- Selja var i si tid det første senteret på Vestlandet og det første bispesetet. Bispedømmet strekte seg frå Sunnmøre til Agder. Når så første boka var om Selja, og namnet kling godt, så har det vore eit bra namn for oss, seier Djupedal som alltid vore opptatt av bøker og allmennkunnskap.
- Vestlandet og Sogn og Fjordane er eit fantastisk område med mykje materiale til bøker om historie, tur, reise, mat og biografiar. Det er meir enn nok å ta av, og området er stort nok til å selje bøker i. Folk er opptekne av det nære, meiner Djupedal.
Bøkene blir nesten utelukkande gitt ut på nynorsk. Målforma har ikkje vore noko ulempe for forlaget, heller tvert om, meiner Djupedal. Salstala har vore gode. Over 400 000 bøker er sendt ut frå forlaget i løpet av dei 20 åra. Dei åtte bøkene i OPPTUR-serien har åleine selt over 70.000 bøker.
- Første OPPTUR-boka kom i 2005, og sidan har serien vore ein berebjelke for oss. Det var ein idé eg hadde tenkt på i mange år, men som det først blei alvor av då vi fekk i stand eit samarbeid med Sogn og Fjordane Turlag. Og nettopp godt samarbeid med ulike lag, bedrifter og organisasjonar har vore ein nøkkel for å få det til, seier Djupedal.
Andre kjende titlar frå Selja Forlag er Fjordamat, Klare sjøl, Ta kaka, Storm ved Stad, Båtar med sjel, og seriar både med kulturgaidar og kunstnarbiografiar. Det er tøft å hevde seg i bokbransjen, men Selja Forlag har heile tida nye prosjekt i arbeid og på blokka, både i OPPTUR-serien, lokalhistoriske bøker og biografiar.
I haust kjem mellom anna den store kulturhistoriske vegvisaren for Nordfjord og bind II i Historia om Flora.
(Pressemelding 07.06.16)
Bildetekst:
1) Triveleg arbeidsplass: Kvart år kjem det 12-15 nye bøker frå Selja Forlag som har tre tilsette. Frå venstre sals- og marknadsansvarleg Anne Britt Fedøy, forleggjar og grunnleggjar Torkjell Djupedal og forlagsredaktør Liv Grimsbø.