Vis meny

Legg ned steinar for familien Steinfeld



I juni skal det vere to markeringar for den jødiske familien Steinfeld som budde i Ålesund og enda sine liv i Auschwitz:

8. juni 2016 vil det bli lagt ut snublesteinar i Ålesund. Snublesteinar er stein som vert felt ned i bakken utanfor heimane til jøder som vart offer for Holocaust. Les meir her.

12 .juni vil Hans Wilhelm Steinfeld halde foredraget "Da Ålesund gråt" i Ålesund. Då vil Hans-Wilhelm Steinfeld ta deg med på ei levande forteljing om skjebna til austjødane, med utgangspunkt i sin eigen familie si historie. Ålesund er ein spesiell by for Steinfeld-familien. Steinfeld-jødane reiste frå Russland til Ålesund, og enda i Auschwitz. Les meir om foredraget her 

Therese Alvik si bok om Israel, Lea, Reidun og Morten Steinfeld som budd i Ålesund og vart drepne i Auschwitz i 1943 kan du lese meir om og kjøpe her.