- Dette er ei bok vi er stolte over å ha gitt ut. Den er levande fortalt og skildrar ei av dei mest dramatiske krigshendingane på Vestlandet, seier forleggjar Torkjell Djupedal i Selja Forlag.
Hurtigruteskipet «Sanct Svithun» vart bomba av allierte fly, og forliste utanfor Ervika på Stad 30. september 1943. Kring 55 menneske miste livet ved Kobbeholmen, men heile 77 vart berga etter heltemodig innsats frå bygdefolket. Boka fortel den dramatiske historia om forliset og bergingsaksjonen.
Krigsforliset «Sanct Svithun» kom første gong ut på Selja Forlag i 2008 vart raskt utseld. Den har vore etterspurt både lokalt og nasjonalt, og Djupedal er glad for at boka no er tilgjengeleg i ny, revidert utgåve. Han peikar på at det er ei historie som er viktig å fortelje, og som ikkje må gløymast.
- Historia viser krigens paradoks, og dei vanskelege forholda under siste del av krigen. Dette er eit av fleire eksempel på at sivile farty vart bomba på grunn av alvorlege feilvurderingar av våre allierte. Desse historiene var det ikkje så lett å fortelje i åra like etter krigen, men dei har kome meir fram dei siste åra, seier Djupedal.
I dag er dei som opplevde forliset borte, men historiene til både overlevande og redningsmenn vart dokumentert gjennom intervju med forfattar Jan Petter Hoddevik. Han har interessert seg for lokalhistorie og det dramatiske forliset heilt sidan barneåra, og gjennom historiene i boka skildrar han dramatikken som utspann seg ved Kobbeholmen, både for dei som hoppa på sjøen og miste livet, og dei som greidde å komme seg på ei flåte og berga seg i land.
Langt fleire liv ville gått tapt om det ikkje var for den eineståande bergingsinnsatsen som vart utført av bygdefolket i Ervika. Dei rodde ut i sterk vind og berga mange frå den visse død denne septemberkvelden i 1943.
Boka inneheld òg mange historiske bilete, av det havarerte skipet og dei involverte - både overlevande og redningsmenn.