Alfred Bamse på sjukehus på tilbod til kr 98,-

Det starta med ei flis i poten og enda med eit langt og lærerikt sjukehusopphald.
Med tittelen kosolog, spesialsydde sjukehuskle og legeveske er Alfred klar for nye utfordringar: No vil han finne ut korleis eit sjukehus fungerer!
Mange born og vaksne er redde for å komme på sjukehus. Men er det noko farleg? Og kva betyr eigentleg dialyse, diabetikar, kateter, klyster, bekken og mange andre rare ord? Kven er det som jobbar på eit sjukehus? Er det berre legar og sjukepleiarar?
Alfred har mange spørsmål, og gjennom boka får han mange svar og vert godt kjend med fleire av dei som har sjukehuset som arbeidsplass.
Bli med
Alfred Bamse på sjukehus i møte med legar, sjukepleiarar, portørar, ambulansesjåførar, kokkar, terapeutar, elektrikarar og mange, mange fleire.