Vis meny

Fekk kulturprisen



Formannskapet som hadde åtte kandidatar å velje mellom under møtet fredag, samla seg om historielaget som ein verdig vinnar.

Historielaget, som feirar 10-årsjubileum i år, blei mellom anna trekt fram for arbeidet med boka "Stølane i Førde" som kom ut i haust.
Det ligg eit stort dugnadsarbeid gjennom fleire år bak boka som femnar om heile kommunen.

"Stølane i Førde" vart gitt ut på Selja Forlag, og vi gratulerer så mykje med prisen!