Ny bok om prestegarden i Selje

Torkjell Djupedal er ein av ni forfattarar bak "Selje prestegard". Boka er den femte og siste i serien om viktige prestegardar som Opplysningsvesenets fond har ansvar for.
"Selje prestegard" har eit kapittel om prestegarden i dag, om hus og tun på prestegarden, om prestane som har budd her, og om jordbruksdrifta fram til prestegardsjorda vart teken i bruk til sentrumsutbygging i Selje.
Boka har òg eit eige kapittel om prestegardshagen, om diktarpresten Claus Frimann og om kunstmålaren Bernt Tunold, som begge var fødde på Selje prestegard.
Dette er den tolvte boka som kjem ut på Selja Forlag i år.