Sunnmøringar om Sunnmøre

I "Ete fysst" fekk sunnfjordingar fortelje sine historier, i bok to i serien,
"Steikje te styr", er det sunnmøringane som får sleppe til.
14 forfattarar og kjende ansikt frå kulturlivet fekk stikkordet "Sunnmøre" og vart utfordra til å skrive fritt.
Resultatet er ei samling svært varierte tekstar. Her er mykje humor og sjølvironi men òg dikt og noveller. Tekstar til ettertanke - og litt uhyggje.
Forfattarane er frå 27 til 77 år, stemmer både frå bygatene og små øysamfunn og dei kjenner seg alle sterk knytte til Sunnmøre.
Her er alle bidragsytarane: Hilde Louise Asbjørnsen, Sunniva Relling Berg, Laura Djupvik, Simon Eriksrud, Harald Grytten, Ronnie MAG Larsen, Hilde Myklebust, Øystein Orten, Astrid Overaa, Fredrik Steen, Jan Inge Sørbø, Kjetil Tandstad, Bjørn Vatne og Øyvind Vågnes.