Vis meny

Molnes mimrar



- Fantastisk kjekt å få den ferdige boka i handa, seier Per Bjarne Molnes.

I "Minne frå ein oppvekst" har han skrive 35 korte historier frå heimbygda Roald på Vigra på 1940- og 50-talet.

Sunnmøringen Molnes som er busett i Førde, fortel historier frå det vesle kystsamfunnet der han vaks opp og menneska der slik han hugsar dei, med humor og varme.

Historiene er lokale, men innhaldet vil mange kunne kjenne seg igjen i, som t.d. gullstjernene på sundagsskulen, smugrøyking på utedoen og forsøk på ølbrygging.

Roald var prega av eit sterkt fiskerimiljø, og Molnes fekk tidleg prøve seg på sjøen. Han fortel fleire historier om livet som ung fiskar, mellom anna om tårene som rann på lofotfiske.