Vis meny

Ut i verda med "Familien Steinfeld"



Therese Alvik har opplevd stor interesse kring historia etter at boka "Familien Steinfeld. Da byen gråt" kom ut på Selja Forlag i 2013.

Ho har vorte kontakta av kjelder i inn- og utland som har gitt henne ny informasjon, bilete og brev. Brev som mellom anna dokumenterer at det vart jobba iherdig for å få familien frå Ålesund trygt ut av Noreg etter at andre verdskrigen braut ut. Innsatsen førte ikkje fram og familien på fire vart utrydda i Auschwitz i 1943.

I sommar fekk Alvik telefon frå Tsjekkia med spørsmål og ho ville reise dit og fortelje historia til studentar ved universitetet i byen Brno. Alvik takka ja, og har no halde tilsvarande foredrag for studentar i Wien og Bratislava.

Professor Miluse Jurícková, som tok initiativ til besøka, meiner at sjølv om familien Steinfeld var lokalt forankra i ein liten norsk by, så er historia deira også universell. Familien kan representere dei mange familiane som vart utsletta, men som gjerne ikkje etterlot seg like mykje dokumentasjon på levde liv, og ikkje like mange bilete. 
 
Boka om familien Steinfeld er òg å finne ved ei rekkje bibliotek i utlandet, mellom anna i München, Jerusalem, New York og Washington.