Det er 40 år sidan Finn Egil Eide (75) debuterte som biletkunstnar. Men han er ein allsidig kar og har både ein kunstnarkarriere og ein diktarkarriere.
"Eit tidsrom", som er illustrert med hans eigne bilete, er hans femte diktsamling.
Identitet,
landskap og
tid er tre viktige motiv som vert repetert og spelt ut mot kvarandre i dikta.
Ove Eide (dei to Eide-karane er ikkje i slekt) har skrive eit etterord som presenterer Finn Egil både som diktar og biletkunstnar.