Ti år med OPPTURar

Måndag 22. juni er det nøyaktig ti år sidan den første OPPTUR-boka såg dagens lys. Sidan då er det komme ut åtte titlar i serien Bøkene omtalar langt over tusen fotturar, alle med flyfoto, fordelt på over 3500 boksider. Bøkene dekkjer det meste på Vestlandet, men også Jotunheimen og Oslo-området. Samla er det selt over 70 000 OPPTUR-bøker.
OPPTUR Sogn og Fjordane var første bok i serien i 2005. Forfattar var Anne Rudsengen og flyfotograf Finn Loftesnes. Boksleppet var på Brandsøyåsen i Florø, der også OPPTUR-varden med stein frå alle kommunane i fylket vart avduka.
- Vi hadde arbeidd i fleire år med å utvikle ideen og finne forfattar og flyfotograf. Det var eit framifrå samarbeid mellom forlag, turlag, forfattar, flyfotograf og bokutformar. Tilbakemeldingane frå lesarane var svært god, heilt frå starten, seier forleggjar Torkjell Djupedal i Selja Forlag.
Forfattar av første boka var Anne Rudsengen, til dagleg seniorrådgjevar i Statens naturoppsyn. Ho skreiv også Opptur Hordaland i 2007. Dei to bøkene hennar har til saman 543 fotturar i 59 kommunar. Ho fortel om stort engasjement rundt bøkene i alle lokale turlag.
- Eg var rundt på heile Vestlandet og møtte engasjerte turfolk. Mange bidrog, og mange følte eigarskap til bøkene, fortel Rudsengen. OPPTUR Sogn og Fjordane kjem i 2015 i sitt sjuande opplag.
Dei første bøkene tok føre seg kvart sitt fylke. Seinare kom det bøker for verdsarvområde, byområde, fjell og kyst. Flyfotograf i alle bøkene har vore Finn Loftesnes frå Sogndal. Ingen kjenner Vestlandet betre frå lufta enn han. Han var også forfattar av Opptur Jotunheimen. Andre forfattarar i serien har vore Merete L. Rønneberg, Tom Dybwad, Knut Langeland, Knut Sørgaard, Erling Gunnufsen, Knut Magne Nesse og Torkjell Djupedal.
- Eg trur flyfotoa er ein viktig grunn til at folk likar bøkene. Dei gjer det enkelt og meir forståeleg å forstå korleis rutene går i terrenget. Tekstane skal alltid fortelje meir enn korleis ein kjem seg frå A til B, t.d. tekst om natur og kulturhistorie. Ideen er at det alltid er kjekt å få vite noko ekstra om kva tur, seier Torkjell Djupedal. Og han har ikkje har tenkt å avslutte OPPTUR-eventyret enno. Neste år kjem bok nummer ni: OPPTUR Sunnmøre.
Dei åtte bøkene i serien er: OPPTUR Sogn og Fjordane (2005), OPPTUR Hordaland (2007), OPPTUR Geirangerfjorden (2009), OPPTUR Jotunheimen (2009, finst også i engelsk utgåve), OPPTUR Nærøyfjorden (2011), OPPTUR Bergen (2012), OPPTUR KYSTEN Bergen-Stad (2014) og OPPTUR Oslo (2014).
(Pressemelding juni 2015)