Vis meny

Fridtjov gir deg sitt daglege ord



Fridtjov Urdal er ein ordkunstnar som får sagt mykje med få ord. Han har tenkt mykje, lånt litt og snikra 365 +1 ordtak til dagleg bruk.

I “Fritt etter Fridtjov” har kvar dag gjennom året har fått sitt ordtak - inkludert skotårsdagen. Urdal innleiar kvar månad med eit dikt, og boka er illustrert av biletkunstnar Anja Tveiterås frå Fusa.
Her finn du ordtak til dei fleste høve - både med humor og til ettertanke. Kulturarbeidar, forfattar og samfunnsdebattant Fridtjof Urdal langar ut mot toskeskap, lygn og misunning, men han har òg sine tankar om lukke, venleik og glede.

Urdal likar å leike med ord og setje dei i hop til ny meining. Eller som han sjølv seier det i føreordet:
Har du funne på det sjølv, har eg vore spurd. Tja ja, og tja nei. Kva ein har høyrt og sett, og kva ein har funne på. Det er så mykje som har vore tenkt, skrive og sagt her i verda, det skal mykje mot til å hevde det er mitt, min tanke, min idé. Det vil om så gjort falle noko storaktig. Nei, ein får vere nøgd om ein har kara til seg ei og onnor allmenn sanning og gjeve den ei form så folk ser og kjenner henne. Betre enn å suge alt av eige bryst, er å vite kva bryst det er verdt å suge. Dei fleste av oss får vere nøgde med det.

Fridtjov Urdal (f. 1952) voks opp på Årebrot i Flora, jobbar med kulturformidling ved Sogn og Fjordane kunstmuseum i Førde og er busett på Vassenden i Jølster. Ein del av ordtaka har han publisert til glede for mange på Facebook. No kjem dei endeleg i bokform.

Boka finn du her: Fritt etter Fridtjov