Vis meny

Helgetilbod BLACK WEEK



Denne helga får du JAKTA PÅ SISKIN og QUIZLEIK til sterkt redusert pris.

Rune Timberlid
JAKTA PÅ SISKIN
Gestapo og Milorg i krigsdrama i Sogn

Vinteren 1945 var dramatisk for Milorg-styrken Siskin i Sogn. Ein angivar i Høyanger sette tyskarane på sporet, og Gestapo-sjefen Helmut Klötzer gjennomførte store rassiaer. Sentrale motstandsfolk vart arresterte og torturerte. Med Gestapo i hælane måtte fenrik Ragnar Ulstein og hans folk i Siskin byta hovudkvarter fleire gonger. Styrken gjekk i dekning i fjella i Indre Sogn. Med livet som innsats hjelpte mange sogningar Siskin. Det kunne kosta dyrt om Gestapo og Siskin hadde hamna i open kamp. I denne boka får du heile historia om Siskin - frå fire Linge-offiserar vart sende til Sogn i oktober 1944 til styrken overtok kontrollen i mange bygder i mai 1945.

Helgetilbod BLACK WEEK kr 249,- (ord 368,-). Bestill boka her: Jakta på Siskin

Geir Bjarte Hjetland
QUIZLEIK.
2021 spørsmål frå Vestlandet og resten av verda.

Quizleik er både ei spørjebok og eit brettspel. I boka får du 2021 spørsmål og oppgåver frå Vestlandet og resten av verda. Her kan du teste kunnskapsnivået ditt saman med familie og vener. Med i boka er også brettspelet Quizleik, vår versjon av det gode gamle stigespelet. I dette spelet er det om å gjere å komme fortast i mål ved hjelp av ei god blanding flaks og kunnskap.
Boka er delt inn i ulike emne og har spørsmål for både born og vaksne.
1. By og land 
2. Kultur og underhaldning
3. Sport og fritid
4. Natur og vitskap
5. Samfunn og historie
6. Lett blanding 

Helgetilbod BLACK WEEK kr 98,- (ord. kr 198,-). Bestill boka her: Quizleik