Takk for alt, Norvald

Norvald Tveit har fortalt si siste historie. Måndag fekk eg den triste meldinga om at han var død. Norvald, som eg først blei skikkeleg kjent med då han nærma seg 92 år, men som eg har høyrt så mykje om heilt sidan eg var lita jente: Ein landskjend dramatikar og forfattar – ungkar og villmann! Ikkje rart at eg var litt nervøs då eg som fersk redaktør i 2019 skulle jobbe saman med han.
I boka KAN DET BLI FOLK AV SLIKT? såg Norvald tilbake på oppveksten sin som uekte barn i Bøfjorden. Gjennom små historier delte han godt og gale frå sitt eige og naboane sitt liv. Det var eit kjekt prosjekt, og vi oppdaga fort at vi hadde den same rå humoren.
Norvald og eg heldt kontakten også etter at boka var ferdig. Både med sporadiske besøk og telefonsamtalar. No gjekk det relativt fort nedover med han, reint fysisk. Men hovudet var med. Og vi snakka mykje om at det hadde vore kjekt og laga ei bok med historier frå ungdomstida hans og krigsåra. Men det vart med pratet. Dessverre. KAN DET BLI FOLK AV SLIKT? vart den siste boka hans.
Kvil i fred, Norvald. Det vart utan tvil folk av deg. Takk for alle gode samtalar og rå lattersalver.
Førde, 05.05.2022
Anne Britt Fedøy