Vis meny

Her kan du sikre deg ein godbit



Vi har rydda på lageret og funne tidlegare utgåver av OPPTUR Sogn og Fjordane og OPPTUR Hordaland. Dette er dei to suverent mest populære bøkene frå Selja Forlag, som begge har selt langt over 20 000 eks. Sisteutgåvene av dei to bøkene har lenge vore utselde og det vil ikkje komme nye utgåver.

OPPTUR Sogn og Fjordane kom ut i til saman 7 opplag/utgåver i åra 2005-2015, medan OPPTUR Hordaland kom i 6 opplag/utgåver 2007-2017. Begge bøkene er svært innhaldsrike: Sogn og Fjordane-boka har 267 turar på 648 sider, medan Hordalandsboka har 276 turar på 672 sider. Alle turane er teikna inn på flyfoto og har fyldig turomtale og andre foto. Kvar bok veg vel 1,2 kg.

Bøkene vi no tilbyr er altså ikkje dei siste utgåvene. Mange er heilt feilfrie, men nokre bøker har små kosmetiske skadar. Her er det først til mølla, vi sel så lenge lageret rekk.
Pris kr 150,- pr stk. (førpris kr 448,-/468,-). Porto kjem i tillegg.

Send e-post til selja@selja.no for å bestille eller kom innom oss i Fjellvegen 18, 6800 Førde. Vi er her måndag-fredag kl. 0830-1530.