Vis meny

Rune Timberlid ute med ny bok



PRESSEMELDING 07.05.21: Ny bok: «Jakta på Siskin. Gestapo og Milorg i krigsdrama i Sogn».

SISKIN KJEM TIL SOGN


Det er laurdag kveld 14. oktober 1944. I mørket sig ubåtjagaren «Hitra» inn på Dombevågen - ei lun hamn på øya Hovden nord for Florø. Kort tid før kom følgjande melding over radio frå London: «Fanden er på vingene.» Det er varselet om at no kjem det folk frå Shetland.


Slik byrjar den nye boka «Jakta på Siskin. Gestapo og Milorg i krigsdrama i Sogn» av Rune Timberlid, gitt ut på Selja Forlag.

I oktober 1944 vart Ragnar Ulstein, fenrik i Kompani Linge, send til Sogn for å leia oppbygginga av ein heimefrontstyrke. På grunn av eit angiveri kom Gestapo på sporet av styrken. Utover i 1945 var Gestapo-sjefen Helmut Kløtzer i Høyanger konstant på jakt etter Ragnar Ulstein sine folk. Det vart ein dramatisk vinter både for heimefront-soldatane og mange sivile som tok store sjansar for å hjelpa Siskin. Undervegs var styrken involvert i eit dramatisk flyslepp og dristige våpentransportar innover Sognefjorden. Utover vinteren gjennomførte Gestapo fleire rassiaer mot motstandsfolk i distriktet.

Fleire gonger måtte Siskin skifta base. Under ein dramatisk rassia på Elvagjeng i Sogndalsdalen, var Siskin berre minutt frå å hamna i open strid med ein Gestapo-styrke. Etter dette gjekk mange av heimefront-soldatane i dekning i fjella i Sogn. Nokre av Siskin sine folk hamna i Gestapo sine klør. For to av dei enda det med døden etter tortur. Olav Rise frå Leikanger døydde i Bergen kretsfengsel, medan Hans Faleide frå Sogndal gjekk bort i 1946 etter seinskadar som følgje av tortur.

Den dramatiske soga om Milorg-styrken Siskin i Sogn er no samla mellom to permar i boka «Jakta på Siskin. Gestapo og Milorg i krigsdrama i Sogn». Her får du heile historia - frå fire karar frå Kompani Linge steig i land på kysten til Siskin-soldatar tok kontrollen over viktige industrianlegg, tyske støttepunkt og norske nazistar då freden kom. Boka har ca. 130 foto og ei rekkje kart. Ein del foto av Siskin-soldatar har ikkje vore offentleggjort tidlegare.

Forfattar Rune Timberlid (f. 1950) er frå Sogndal. Han har jobba som journalist, redaktør og med kommunikasjon. Han har tidlegare skrive eit titals bøker - både krim og sakprosa.

Les meir og bestill boka her.