Fure står blant anna bak instagramkontoen @solfure og fekk vinteren 2020 heidersprisen «Årets jentepust» for måten ho inspirerer andre på.
Korleis klarte ei kvinne som sleit med eteforstyrringar og sjenanse i ungdomsåra å snu motgang til medgang? Kva inspirerer henne og korleis kan vi inspirere oss sjølv til å drite i jantelova og få trua på at alt er mogeleg?
Gratis inngang.
Sal og signering.
Arrangørar: Selja Forlag og Førde bibliotek
På grunn av Covid-19 er det er berre plass til 25 personar i biblioteket. Vi ber difor om at du melder deg på til e-post bibliotek@sunnfjord.kommune.no eller ringer biblioteket på telefon 57 72 19 09. Frist for påmelding er fredag 6. november.