Vis meny

BOKSLEPP "Sunnfjord" og "Sognefjord"



VELKOMEN TIL BOKSLEPP


«Sunnfjord» og «Sognefjord»
Ruteskipa som batt saman Bergen og Sogn og Fjordane

Av Magnus Helge Torvanger

Torsdag 5 nov 2020 kl 19.00. 

Bergens Sjøfartsmuseum
Haakon Sheteligs plass 15, 5007 Bergen

Presentasjon av den nye boka.
Sal og signering. 
Gratis inngang.
---------------
Ruteskipa «Sunnfjord» og «Sognefjord» har ein sentral plass i samferdslehistoria på Vestlandet. I etterkrigsåra var dei hovudsambandet mellom Bergen og Sogn og Fjordane.
«Sunnfjord» opplevde fleire dramatiske hendingar også i fredstid, før skipet forliste i 1983. «Sognefjord» segla meir fredeleg som ruteskip fram til 1982. Sidan har skipet hatt eit svært omskifteleg liv; frå
losjiskip på Svalbard under filminga av Orions belte til dykkarskip i Malaysia.

Magnus Helge Torvanger (f. 1951) er busett i Florø og har vore journalist og informasjonskonsulent. Han har skrive mange bøker om kysthistorie.

informasjon om påmelding og Covid-19

I desse koronatider må vi ha påmelding frå alle som vil kome. Det er plass til maks 40 personar i salen, så her blir det først til mølla-prinsippet. Påmelding og inngang er gratis.

Påmelding gjer du slik:
-frå i morgon 22.10 kan du ringe Bergens Sjøfartsmuseum, ved Bård Gram Økland og melde deg på, tlf 55 54 96 06 (kl 09-16)
-frå måndag 26.10 vert det lagt ut ei påmeldingslenke på heimesida til museet,  https://sjofartsmuseet.museumvest.no/der du kan melde deg på.
-når/dersom det er fullt, så vil du få melding om det av lenka
-i så tilfelle kan du ringe til museet ved Bård Gram Økland, 55 54 96 06, for å stå på venteliste
-vi ber alle som melder seg på om å melde frå dersom dei likevel ikkje kan kome
-påmeldinga gjeld tilgang til auditoriet der det blir foredrag, men det er uansett høve til å kome til museet og møte forfattaren og kjøpe signert bok

Vi beklager at dette er litt meir omstendeleg enn vanleg, men dette er tilhøve vi ikkje rår over.

Vel møtt!