Bokslepp onsdag 21. oktober i Festsalen i Førdehuset kl 19.00. Då vil forfattar Rune Fossum Lillesvangstu fortelje om boka "Den spreke hundreåringen. Førde idrettslag 1920-2020." Sal og signering. Boksleppet vil følgje gjeldane smittevernregnar. Kort om boka: På ein skitur i 1920 bestemte nokre ungdommar seg for å starte eit idrettslag. Hundre år seinare har idrettslaget over 2000 medlemmar og er den største frivillige organisasjonen i Sunnfjord kommune. I boka følgjer vi utviklinga frå dei første åra med trening og konkurransar under enkle forhold til nyare tid med profesjonelle trenarar og anlegg. Du får møte ei rekkje fargerike personar, både utøvarar, trenarar og dugnadsfolk, som fortel om store triumfar og bitre nederlag. Rikt illustrert med over 300 bilete.