I 2009 vart Sogn og Fjordane arkitektlag (SoFa) kontakta av Torkjell Djupedal i Selja Forlag. Intensjonen var å få laga ein arkitekturgaid for Sogn og Fjordane som skulle få plass i hanskerommet på bilen. Kolbjørn Nesje Nybø vart spurd om å vere forfattar, og i 2019, ti år seinare, såg boka dagens lys. Ikkje som ein gaid, men som ei stor praktbok på 664 sider. Den eldste bygningen i boka er Urnes stavkyrkje og den yngste er Tungestølen turisthytte.
Husa våre fortel i tekst og bilete om over 500 hus i Sogn og Fjordane.