4x Bokslepp for "Husa våre"

Presentasjon av boka. Sal og signering. Gratis inngang.
Førde: Laurdag 23 november kl 14.00 på Øyrane vidaregåande skule.
Stryn: Måndag 25. november kl 18.00 på Stryn Bibliotek (i samarbeid med Stryn Rotary).
Kaupanger: Onsdag 27. november kl 13.00 og 18.00 på Sogn Folkemuseum, Kaupanger (i samarbeid med Senioruniversitetet i Sogn og Sogn Folkemuseum).
Nordfjordeid: Laurdag 30. november kl 12.00 i Gamlebanken ( i samarbeid med Sogn og Fjordane Arkitektlag og Eid sogelag).
HUSA VÅRE fortel om byggeskikk og arkitektur i Sogn og Fjordane frå dei eldste tider til idag. Frå Urnes stavkyrkje frå år 1130, den einaste norske enkeltbygning på verdsarvlista, til Tungestølen turisthytte, teikna av arkitektkontoret Snøhetta i 2019.
HUSA VÅRE fortel om over 500 hus og bygningsmiljø i fylket: Alle freda hus, alle kyrkjer, alle fyr, og eit rikt utval av skular, rådhus, forsamlingshus, fabrikkar, kraftstasjonar, bankar, villaer, bustadhus, turisthytter, hotell, prestegardar, embetsmannshus, løer, gardshus, sjøhus, flyplassar, posthus, sjukehus, og mykje meir - og til og med ein freda bensinstasjon. Reisa startar inst i Sognefjorden og set punktum med vêrradaren ytst på Stad. Alle 26 kommunane er med, og kring 150 arkitektar og byggmeistrar får eigen omtale.
HUSA VÅRE set byggeskikken og arkitekturen i Sogn og Fjordane inn i ein både nasjonal og internasjonal samanheng. Fylket har aldri vore isolert, og byggherrar, handverkarar og arkitektar har skapt hus og bygningsmiljø som er interessante for alle som er opptekne av norsk arkitektur og kulturhistorie.
Kolbjørn Nesje Nybø (f. 1958), forfattar av boka, er sivilarkitekt og amanuensis ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo. Han har undervist i norsk arkitekturhistorie i ei årrekkje, og har skrive fleire bøker og artiklar innan dette fagfeltet.
Torkjell Djupedal (f. 1957) er forleggjar i Selja Forlag og redaktør for boka. Han har høgare utdanning i journalistikk og samfunnsfag, har vore journalist og er forfattar av fleire bøker om kulturhistoriske emne, og av boka "Opptur kysten Bergen-Stad".