BOKSLEPP: Norvald Tveit: Kan det bli folk av slikt?

Norvald Tveit
- Berre vent, sa Hilda, rimeleg sikker. - Den gutungen blir det aldri folk av. De ska få sanne mine ord.
Og det såg ut som ho skulle få rett. For Norvald var ikkje som dei andre ungane. Ein unge skulle vere snill og stillfarande, sitje roleg ved bordet, ikkje snakke i utide og slett ikkje stygt, og vere lydig imot foreldra.
Norvald Tveit voks opp i Bøfjorden i ytre Sogn på 1930-talet. I denne boka ser han tilbake på oppveksten sin og fortel levande og med glimt i auge om livet i gamle dagar.
Bokslepp onsdag 23. oktober 2019 kl 18.00 på Dagsenteret, Hyllestad omsorgssenter i Sørbøvåg.
Presentasjon av boka
Sal og signering
Kaffi og noko å bite i
Gratis inngang
Arr: Hyllestad omsorgssenter, Folkeakademiet i Hyllestad og Selja Forlag