Vis meny

Presten som skreiv på rim for å opplyse folket



Claus Frimann frå Nordfjord var ein av våre fremste diktarar på 1700- talet og vert ofte kalla Vestlandets Petter Dass. Ei ny bok skildrar livet hans og presenterer dei mest kjende songane.
- Gjennom diktinga si ynskte han å nå ut til folket for å gje dei kunnskap og opplevingar. Eg meiner han framleis er ein viktig diktar, seier forfattar Elin Pehrson Grytting.


Ei av dei mest kjende visene hans er “Ondt ofte lider den Fiskermand som ud maae fare før Hanen galer.” På 1700-talet var det mange som ikkje kunne lese, difor skreiv han på rim, slik at folk lettare skulle kunne hugse tekstane. Lettare var det også når ein kunne synge dei til kjende melodiar. Han var svært populær i samtida, og kjende diktarar som Johann Sebastian Welhaven såg opp til han.

Claus Frimann (1746-1829) var presteson frå Selje i Nordfjord. I studietida i København var han med i Det Norske Selskab som dyrka ordet, diktinga, songen og samværet. Han var ti år i Volda, før han i 1781 vart prest i Davik, der han vart verande livet ut. Heime i Nordfjord blomstra han som diktar. Skildringane hans av folket og deira slit og gjeremål viser ein embetsmann med innsyn og kontakt med det verdslege og jordnære. «Hvad jeg bedst kiender, kan jeg bedst synge om,» skriv han i den mest kjende boka si, Almuens Sanger (1790).

- Det var akkurat dette som bergtok meg, seier Elin Pehrson Grytting (f. 1952) som no har skrive boka om Frimann sitt liv og dikting: “Claus Frimann. Diktarpresten frå Nordfjord". Grytting bur på Sandane og er folkesongar, musikar og musikkpedagog.

- Den måten som Frimann beskriv menneska og livet i si samtid er også attkjenneleg til mitt eige liv. Dersom ein brukar litt tid på å komme inn i språket og tidsalderen, så vil ein oppdage at det Frimann ville formidle for over 200 år sidan også gjeld i dag. Han skriv om by-land-problematikk og fnyser av folk som berre lever av å sjå fine ut. Han har meir til overs for det landlege livet og vanlege folk sine kvardagslege gjeremål. I tillegg så er folketonane så vakre.

Boka, som kjem ut på Selja Forlag, er rikt illustrert og har også ein fyldig del med notar og tekst til 30 viser og songar. I samband med boksleppet vil det bli konsert både i Davik og i Pederhuset på Reed sundag 16. juni.

(Pressemelding 11.06.19)