Vis meny

Bokslepp i Davik og på Reed



Velkommen til bokslepp for boka "Claus Frimann - Diktarpresten frå Nordfjord" av Elin Pehrson Grytting søndag 16. juni. Claus Frimann var ein av våre fremste diktarar på 1700-talet og vart kalla Vestlandets svar på Petter Dass.

Søndag 16. juni 2019 
Kl. 13.00 
Davik skule, Davik


Presentasjon av boka i ord og tonar.
Sal og signering av bøker.
Sal av kaffe og kaker.
Gratis inngang.

Arr: Davik utviklingslag og Selja Forlag

Søndag 16. juni 2019
Kl. 18.00 
Pederhuset på Reed


Presentasjon av boka.
Konsert med Elin Grytting og Olav Tveitane.
Sal og signering.
Enkel servering.
Gratis inngang.

Arr: Pederhuset og Selja Forlag.


Claus Frimann (1746-1829) var ein av våre fremste diktarar på 1700-talet, og vert ofte kalla Vestlandets Petter Dass. Dei folkelege tekstane og visene hans var populære i samtida, og lever vidare i dag, t. d. "Ondt ofte lider den Fiskermand".

Claus Frimann var presteson frå Selje i Nordfjord. I studietida i København var han med i Det Norske Selskab som dyrka ordet, diktinga, songen og samværet. Han var ti år i Volda, før han i 1781 vart prest i Davik, der han vart verande livet ut. Skildringane hans av folket og deira slit og gjeremål viser ein embetsmann med innsyn og kontakt med det verdslege og jordnære. Boka fortel om Frimanns liv og dikting, og har ein fyldig del med notar og tekst til 30 viser og songar. Rikt illustrert med gamle og nye foto for riktig å syne fram Frimanns rike!

Forfattar av boka er Elin Pehrson Grytting (f. 1952) frå Bærum, busett på Sandane. Ho er folkesongar, musikar og musikkpedagog og har lenge interessert seg for diktarpresten Claus Frimann og folketonane knytt til tekstane hans.

«Hvad jeg bedst kiender, kan jeg bedst synge om»
Almuens Sanger (1790)