Innflyttaren frå Åndalsnes er betre kjend i Sunnfjord-fjella enn dei fleste. Den tidlegare Firda-journalisten fekk hjarteinfarkt for berre to år sidan, men har nytta bokarbeidet som terapi.
- Eg har alltid vore aktiv i friluftslivet, men det siste året vart naturen det viktigaste treningssenteret mitt. I tillegg har eg alltid hatt eit sterkt ønske om å få så mange som mogleg ut på tur. Då passa det svært godt å arbeide med Opptur-boka. Det var på mange måtar som å slå to fluer i ein smekk, seier Eide.
Opptur indre Sunnfjord er den niande boka i serien og dekkjer dei fire kommunane Førde, Naustdal, Jølster og Gaular, som frå 2020 går saman i nye Sunnfjord kommune. Boka inneheld 166 turar, der alle rutene er flyfotograferte, slik at det er lett å finne fram. Finn Loftesnes (til venstre på biletet) frå Sogndal har teke flyfotoa, slik han har gjort i alle Opptur-bøkene. Opptur indre Sunnfjord kjem ut i samarbeid mellom Indre Sunnfjord Turlag og Selja Forlag.
- Tidlegare Opptur-bøker har omfatta heile fylke, som Sogn og Fjordane og Hordaland, medan den nye boka dekkjer eit mykje mindre område. Til gjengjeld er det tett i tett med turar, slik at alle som bur her finn ein tur "rett utanfor døra", seier Torkjell Djupedal i Selja Forlag. Han er spent på mottakinga til boka.
- I arbeidet med boka har det gått opp for meg kva for eit fabelaktig flott turområde indre Sunnfjord er. Her er alt frå hav til bre, frå Førdefjorden og Dalsfjorden i vest til Jostedalsbreen og Gaularfjellet i aust, frå majestetiske Storehesten og Blægja, til byfjella i Førde og nærturar i alle bygdene. Eg trur boka også kan fungere til å sveise saman den nye storkommunen i Sunnfjord, seier Djupedal.
(Pressemelding)