Med boka «Møbeleventyret, møringane som møblerte landet», utgitt på Selja Forlag, presenterer dei to 110 års møbelhistorie. Frå den første korgstolen såg dagens lys i ein kjellar på Stranda og fram til hausten 2018, då det vart kjent at det kinesiske selskapet Qumei tar over Ekornes, sjølve flaggskipet i norsk møbelindustri.
- Møbelindustrien på Sunnmøre dukka opp som eit fenomen som har vart i over 100 år. Desse fabrikkane har møblert store delar av landet og deler av utlandet. Det er ein epoke som fortener ei bok, seier Kjetil Tandstad.
Dei to legg vekt på at ein slett ikkje treng vere sunnmøring for å ha glede av boka.
- Her er mykje av interesse for alle som har eit forhold til møblar. Vi har fått fram historiene om dei store grunnleggjarane og om designarane si viktige rolle. Og så har vi sjølvsagt med dei store klassikarane og historia om korleis dei vart til, fortel Høidal.
Boka skildrar heilt spesielle miljø der folk med bakgrunn frå småbruk på bygdene sala om og brukte sine praktiske kunnskapar til å lage industri.
- Dei hadde nesten ingen ting, laga sine eigne maskiner og lukkast mot alle odds gjennom samarbeid, arbeidsglede og oppfinnsame løysingar. Dei greidde å industrialisere handverksbedriftene og vart dei store fabrikkane i landet, seier Tandstad.
Begge forfattarane har bakgrunn frå Møbelmuseet i Sykkylven. Boka skildrar, gjennom tekst og bilete, ei næring som har overlevd mange tøffe tak.
- Det har vore mange harde tak og diskusjonar. I starten vann ein fram til kundar som ikkje hadde så god råd gjennom rimeleg produksjon. Dei tilsette jobba lange dagar og utan overtidsbetaling. Det var først etter krigen det vart aktuelt med fagforeiningar og det kom ikkje i stand utan konfliktar, seier Høidal.
Det er første gang det er skrive ei samla historie for møbelindustrien og Høidal meiner den er viktig for å skape oversikt og dra dei store linjene.
- Dette er historia til dei viktige aktørane. Boka fortel korleis dei var, korleis dei tenkte og kvifor dei lukkast, avsluttar Høidal.
(Pressemelding)