Vis meny

Slarv og småreligiøse kjerringar



Norvald Tveit (90) er klar med si 21 bok, romanen «Dama».
- Dette er ei historie i mi ånd - med mange tøffe og brutale avsnitt, blanda med varme scener, fortel Tveit.
Forfattaren meiner at «Dama», utgitt på Selja Forlag, har ein del felles med klassikaren «Splint».
- Handlinga er lagt til eit lite kystsamfunn på 1920-30 talet. Her er det snakk om fattigfolk som hadde lite å rutte med. Det går hardt for seg, folk hadde hissig temperament og kava seg veldig opp over slikt som i dag vert rekna som bagatellar, fortel Tveit.

Hovudpersonen i boka, Sylfest, er ikkje heilt som dei andre. Han er litt feminin og blir tatt på fersken i å utføre kvinnfolkarbeid. Slikt set fantasien og folkesnakket i sving og han får kallenamnet «Dama».
- Å bli stempla som homofil var absolutt det verste som kunne skje på den tida. Vart ein først mistenkte for noko slikt berre balla det på seg, fortel Tveit.

Han er godt fornøgd med dialogane og skildringane av karakterar han trur mange vil kjenne igjen.
- Det er ikkje så djuptpløyande, men ei god historie. Eg kan ikkje tru anna enn at folk vil kjenne seg igjen, til dømes damer som Svarte-Gunna og Hittvik-Randia. Dei er typiske eksempel på smågudelege vestlandskjerringar, humrar Norvald.

Historia er rein fiksjon, men Tveit veit korleis det å bli utsett for folkesnakk.
- Eg vart mykje uglesett i ungdommen på grunn av kjeften min. Eg likte å utfalde meg og kunne vere stygg i kjeften. Slikt var frykteleg gale i religiøse kretsar, og det var foreldre som mislikte at ungane var i lag med meg. Det plaga meg ikkje, i mitt stille sinn var eg litt stolt av det, flirer Tveit.

Han er spent på mottakinga, men trur mange vil finne «Dama» underhaldande.
- Vanlege folk brukar å like det eg skriv. Eg vert ikkje rekna som ein intellektuell forfattar, men ein god historieforteljar. I gamledagar var det ein stor fordel, seier Tveit.

Sjølv om han rundar 91 år i desember har han ingen planar om å avslutte forfattarkarrieren enno.
- Eg merkar alderen på kroppen, det er noko skit. Syn og hørsel blir dårlegare, skrivinga er det eg har igjen som framleis fungerer, avsluttar Tveit.  

(Pressemelding)

Boka kan du lese meir om og bestille her.