Vis meny

Bokslepp "Der havbåra bryt"



VELKOMEN TIL BOKSLEPP
Magnus Helge Torvanger:
DER HAVBÅRA BRYT
Fiskerisoga for Bremanger kommune

Tysdag 20. nov. 2018 kl 19.00 Havly, Bremanger
Onsdag 21. nov. 2018 kl 19.00 Knutholmen, Kalvåg
Torsdag 22. nov. 2018 kl 19.00 Kolset skule, Rugsund

Presentasjon av boka.
Sal og signering.
Gratis inngang.

Arr: Fiskerisogenemnda i Bremanger

Boka kjem ut til hundreårsjubiléet til Bremanger Fiskarlag, som var skipa i 1918. Boka fortel historia om fiskerinæringa på sjø og land i bygdene som utgjer dagens Bremanger kommune - frå dei første fiskebåtane fekk motor og fram til i dag. Det er ei historie om oppgangstider, nedgangstider og omstillingar som mange norske fiskerisamfunn har til felles. Fleire hundre fiskebåtar er omtala og er med i eit register til slutt i boka. Boka er rikt illustrert med gamle og nye foto.

Magnus Helge Torvanger (f. 1951) er oppvaksen i Bremanger og busett i Florø. Han har vore journalist og informasjonskonsulent og er fagbokforfattar med ei rekkje bøker om fiskeri- og kysthistorie bak seg.

Her kan du lese meir om boka.