Vis meny

Fullt hus for Norvald



Bebuarar og bygdefolk fyllte dagsenteret på omsorgssenteret og folk stod i kø for å sikre seg signaturen til Tveit i den rykande ferske romanen. 
Tveit bur sjølv på senteret. Det same gjer Jenny Tveito (102) som var barnepike for Tveit i oppveksten.  Dei to har framleis god kontakt og Jenny var mellom dei som fekk signert bok hos forfattaren (91).

Om boka:
 
Bygdefolket får det tidleg for seg at Sylfest i Kobbevikja ikkje er heilt som anna folk.
Det e' noke med ‘an. Kva dette «noke» er, finn dei aldri heilt ut av, men noko er det.
Uansett korleis han oppfører seg, eller kvar han er, so dreg han med seg eitt eller anna
som har med legning å gjere: er han rompis eller er han det ikkje?

Slikt spekulerer dei mykje på - både på krambua og i Hedningemisjonen.

Dette er ei historie om kjærleik, maktspel og heimeavla djevelskap. 



Arr: Hyllestad sjukeheim, Folkeakademiet Hyllestad og Selja Forlag