BOKSLEPP I SOGNDAL: Velkommen til bokslepp og signering av boka "50 idrettsheltar frå Sogn og Fjordane" av Rune Fossum Lillesvangstu laurdag 11. november kl 11.30 på Sogndal vg. skule.
Dette er boka om nokre av dei beste idrettsutøvarane frå Sogn og Fjordane. her er kjende og ukjende historier, gløymde heltar frå gamle dagar og verdsstjerner frå vår eiga tid: frå Mensen Ernst som sprang frå Paris til Moskva i 1832, til brørne Tarjei og Johannes T. Bø, som er i verdstoppen i skiskyting. her er fotball-Flo-ane, skihelten Odd-Bjørn Hjelmeset med fleire.
Program: 11.30 Bokslepp: "50 idrettsheltar frå Sogn og Fjordane". 12.00 Lunsj. Sal og signering av boka 13.30 Selja Forlag og forfattar Rune F. Lillesvangstu presenterer boka i meir detalj.
Boksleppet er ein del av samlinga IDRETTENS MØTEPLASS 2017. Meir om heile programmet for dagen finn du her.