Boka “Kinn og Kinnaspelet” av Oddvar Isene fortel historia om Kinn, Kinnakyrkja og Kinnaspelet:
- Kinnaklova er eit av dei mest markante seglingsmerka på norskekysten. - Kinnakyrkja, bygd på 1100-talet, har historia si knytt til Sunnivalegenda, og har mykje felles med helgenstaden på Selja, litt lenger nord på kysten. - Kinnaspelet "Songen ved det store djup" er framført årvisst sidan 1985, og har samla eit publikum på over 90 000 på friluftsscena innunder fjellet, med himmel og hav som kulissar.
Kinnaspelet blir i år framført 17. og 18. juni. Publikum reiser langvegsfrå til den vesle øya Kinn, som ligg ein halvtimes båtreise utanfor Florø, for å få med seg dette magiske spelet som er skrive av Rolf Losnegård. Det blir til og med sett opp ekstrabåt frå Bergen. Kinnaspelet er i dag eit av dei eldste og meste etablerte historiske spela, og blir i år framført for 33 år på rad.
Boka er rikt illustrert med kart og bilete. Ei flott bok for alle som er interesserte i historia og sogespelet. Vel verd å lese både for dei som har vore der og dei som har lyst å reise dit.