Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 398,-   Sjå vilkår

Harald Seim

Kunstmålaren frå Kinn





Redaktør/forfattar: Torvanger, Magnus Helge

ISBN: 9788282400831

Utgitt: 2014

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Stivbind

Sidetal: 128

Mål/vekt: 22x24 cm / 697 g

Serie: Kunstnarbiografi

Facebook Twitter


Harald Seim (1882-1975) var ein viktig sunnfjordkunstnar, med ein stor og allsidig produksjon. Han var fødd på Seim i Nordhordland og kom til øya Kinn ytst i Sunnfjord som fjortenåring. 

Mange av dei mest kjende norske kunstmålarane på 1800-talet måla bilete frå Kinn. Dette kan ha inspirert Seim, som i ungdomen tok til å måle. Han var i 1909 ein av dei første elevane ved Statens Kunstakademi i Kristiania, med Christian Krohg som lærar. Seim debuterte på Høstutstillingen i 1912. Bileta hans av kystnatur og sjøfuglar vekte oppsikt på ei rad utstillingar i Bergen og Kristiania. I 1921 var han på studiereise til Paris.

Harald Seim var aktiv kunstmålar heile livet og laga fleire tusen oljemåleri og akvarellar. Han måla mykje i Florø og elles i Sunnfjord, i Sogn og i Nordfjord - då særleg i Ålfoten og Hyen. 

Dette er den første boka om denne særmerkte kunstnaren, og er rikt illustrert med kring 90 kunstverk og kring 40 foto.




Kr 348,00

Legg i handlekorg