Vis meny

Løfter fram Vonen og Fasting



Tysdag 10. november inviterer Selja Forlag og Førde mållag til temamøte med sunnfjordingen på programmet.

Der vil vi presentere den rykande ferske boka "Sunnfjordingen. Tekstar om og av Nikka Vonen og Ole W. Fasting", og etterpå vil Fridtjov Urdal  kåsere om sunnfjordingen.  

I boka har Einar Offerdahl henta fram tekstar av- og skrive biografiane til dei to forfattarane Nikka Vonen og Ole W. Fasting som reiste rundt i Sunnfjord og samla folkelivsskildringar i siste halvdel av 1800-talet.

Tekstane er på sunnfjordmål, men Offerdahl har gitt dei ei meir moderne språkdrakt og tilrettelagt stoffet for dagens lesarar. I historiene møter vi sunnfjordingen som embetsmann, bonde og husmann, skildra med alvor og skjemt.

Her er det historier frå heile distriktet, om festar og spelemenn, tru og overtru, bryllaup og tvangsgifte.

Alle er velkomne!

Stad: Auditoriet Hafstad vidaregåande skule.
Tid: Tysdag 10.november kl 19.