Vis meny

Bokslepp "Prinsen av Håla"



Velkommen til bokslepp for Prinsen av Håla på Askvoll Bibliotek

Onsdag 22. november kl. 19.00.

Presentasjon av boka og forfatteren, musikk ved Idun Losnegård, Jeff Pedersen og Jacob Wyrtz.

Lett servering, boksal og signering.

Om boka:
Dette er den frodige og rørande historia om eit lutfattig lite bygdesamfunn ein stad ytst på vestlandskysten nokre år etter andre verdskrigen. Der folk hadde så lite å berge seg med at dei tok til seg det dei kalla åndssvake, eller tylar, for pengar og gav dei husrom i kjellarar, på loft og i uthus. Ein gløymd avkrok av norsk historie som forfattaren skildrar med humor, kjærleik. og sans for dramatikken i den vesle bygda sitt liv. Alt er sett gjennom augo til barnet som veks opp og blir til den unge mannen, Prinsen, som bygdefolket knyter sine håp til.
Men sterke motkrefter står i vegen for Magnus, for det kviler ei forbanning over bygda. Ingen barn er fødde der etter at Magnus kom til verda.
Den som veit kva som skal til for å heve forbanninga er Den Gamle.