Vis meny

BOKBAD: "Dropar av sol" og "OPPTUR ytre Sogn og Fjordane




Velkommen til bokbad og presentasjon av bøkene «Dropar av sol» av Ingeborg Sol Fure og «Opptur ytre Sogn og Fjordane. 163 fot- og sykkelturar» av Torkjell Djupedal og Finn Loftesnes måndag 7. desember kl. 19.00 i Festsalen i Førdehuset. 

Program:
• Presentasjon av bøkene.
• Samtale om gleda ved tur og natur, refleksjonar rundt kva naturen kan gjere for vår psykiske og fysiske helse. Kva leitar vi etter i naturen? Kva inspirerer oss? Fotografane Jostein Vedvik og Finn Loftesnes blir også med i samtalen.
• Sal og signering.
Gratis inngang.

På grunn av Covid-19 er det er berre plass til 45 personar i festsalen. Vi ber difor om at du melder deg på til 
e-post bibliotek@sunnfjord.kommune.no eller ringer biblioteket på telefon 57 72 19 09. Dersom det er ledige plassar vil det opnast for andre ved døra.

Arrangørar: Selja Forlag og Førde bibliotek.

Ingeborg Sol Fure står blant anna bak instagramkontoen @solfure og fekk vinteren 2020 heidersprisen «Årets jentepust» for måten ho inspirerer andre på. 

Torkjell Djupedal er forleggjar i Selja Forlag som har gitt ut mange OPPTUR-bøker. Dette er den andre han skriv.

Om bøkene: 

DROPAR AV SOL: Ingeborg Sol Fure har i periodar av livet hatt det tungt og vanskeleg, men har lært seg å snu motgang til medgang. Ho viser i denne boka kor viktig det er å finne lyspunkt i det som er mørkt, forsterke det som er positivt, og ta ut si indre gudinne på ein fjelltopp når det passar seg slik. Drite i jantelova, vere optimist, bryte grenser og ha trua på at alt er mogeleg.
Lukke for henne er å oppleve frydefulle augneblinkar som motvekt til det som er mørkt og trist. Å ta med seg ein kjole på ein fjelltur for å komponere eit bilete til ein melankolsk tekst, endar ofte i latterkrampe og positive opplevingar.
Dei personlege dikta og historiene i denne boka handlar om nettopp dette: Å gå inn i heile spekteret av kjensler og vere eit heilt menneske på godt og vondt - og ikkje vere redd for å vise det.

OPPTUR YTRE SOGN OG FJORDANE: Boka skildrar dei beste turopplevingane på kysten av gode, gamle Sogn og Fjordane, frå Gulen og Solund i sør til Selje og Stad i nord. Eit fjord- og fjellandskap som er kåra til eit av dei flottaste reisemåla i verda. Boka tek deg med til dramatiske toppar som Hornelen og Lihesten, toppar på dei fleste av øyane og fjella langs kysten, og nærturar i bygdene og byane. Boka inneheld også fotturar og sykkelturar langs havkanten.
I boka er det med 163 turar i følgjande kommunar / tidlegare kommunar: Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler, Askvoll, Flora, Bremanger, Vågsøy og Selje. Av dette er 140 fjellturar, 10 sentrums- og kulturvandringar og 13 sykkelturar. Sykkelturane dannar ei samanhengande rute frå sør til nord, pluss avstikkarar ut på øyane, og er lagde opp slik at ein kan krysse fjordane med ferjer og rutebåtar.